Åsmund Holten i eit tidlegare løp på Gol.
Arkivfoto: Rune Johannessen
Sølvplass i NM for Åsmund Holten
NM i rallycross gjekk av stabelen på Finnskogen søndag, og til saman var det rundt 100 bilar som stilte til start i alle dei forskjellige klassane. Det var KNA Solør som var arrangør, og Åsmund Holten gjekk for gull. Finalen søndag gjekk over fire omgangar, og etter første omgang låg Holten på førsteplass. Utover dei andre omgangane kom 23-åringen bakpå då vêret blei dårlegare og då han køyrde over målstreken hamna han på tredjeplass.
— Prestasjonen til Åsmund er uansett veldig flott. Her ligg det mykje arbeid bak og det er mykje som skal klaffa i eit løp. Ein andreplass i NM er ein kjempeflott prestasjon, seier Svein Bjarte Holten som er far til Åsmund.
Prestert godt