Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Berekraft

Solidaritetsløp for Ukraina

I heile 21 år har skulen donert pengar til Korosten gjennom Dagsverk Korosten. I år går innsamlinga til frilufts- og idrettsutstyr og anna nødvendig materiell til skulane i byen Korosten. Dei sprekaste elevane på Ølen vgs var ei jente som sprang heile 18 rundar, medan ein gut kom seg gjennom imponerande 21 rundar. Mange elevar vart sponsa av familie og vener, som gav pengar per runde eller ein fast sum.

Stine Lint Hjelmtveit frå VG1 fortel at ho fekk sponsing frå onklar, tanter og foreldra sine.

Ho seier samarbeidet mellom skulen og Dagsverk Korosten er veldig bra.

Tale Asbjørnsdotter Skjensvoll frå VG2 vart sponsa av besteforeldra og foreldra.

— Det kjennest godt å kunne samle inn pengar til folk som treng det meir enn oss sjølve, seier Tale. Etter 9 rundar hadde ho samla inn heile 1850 kroner.

— Eg er stolt over skulen sin innsats, fortel Tale.

Målet for elevane var å skaffe minst 400 kroner kvar, noko som alle elevane klarte med glans.

Powered by Labrador CMS