Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Solid smitterekord

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 15.367 koronasmitta i Noreg. Det er 5.745 fleire enn same dag førre veke og det høgaste talet så langt under pandemien.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 11.180 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 6.865, så trenden er stigande.

Tysdag var 238 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var to færre enn dagen før.

74 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 49 respiratorbehandling. Det er fem færre på intensiv og seks færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

I alt har 538.791 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Førre døgnrekord for Noreg var 15. januar 2022. Då vart det registrert 12.360 smitta.

Til saman er 1.383 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

Powered by Labrador CMS