Går så det susar. Dagleg leiar Karl Johan Lier i Autostore gler seg over ny stor vekst, samstundes som han røper at ein ny generasjon av patentsuksessen frå Åmsosen er på gang.Foto: Arne Frøkedal
Karl Johan Lier var tidlegare toppsjef i Autostore AS.
Blid gründer. Jakob Hatteland synest eigarskiftet og den store verdiauken i Autostore As viser at i Åmsosen har grunn til å vera stolte. Arkivfoto
Blid gründer. Jakob Hatteland synest eigarskiftet og den store verdiauken i Autostore As viser at i Åmsosen har grunn til å vera stolte. Arkivfoto

Solid gevinst på Autostore-sal

Jakop Hatteland (67) sin store formue, vil stiga ytterlegare med fleire hundre millionar etter eit uventa oppkjøp av robotselskapet Autostore AS i Vats.

Publisert Sist oppdatert

Det amerikanske oppkjøpsfondet THL (Thomas H. Lee Partners) sendte i dag ut ei pressemelding der det kjem fram dei overtar aksjemajoriteten i Autostore AS. Partane vil ikkje ut med kjøpesum, men Dagens Næringsliv som var først ute med nyheita, skriv at oppkjøpet verdset Vats-selskapet til rundt 16 milliardar kroner. Det er ein firegongars verdiauke frå då Hatteland-gruppa selde til eit anna investeringsfond for under tre år sidan.

Autostore blei grunnlagt i 1996 som ein del av Jakop Hatteland sitt konsern. Selskapet bak det avanserte lagerhandteringssystemet med same namn, fekk etter mange års forsking og utvikling, det store gjennombrotet for rundt ti år sidan. For to og eit halvt år sidan selde Hatteland-konsernet 84 prosent av Autostore AS til det sverigebaserte oppkjøpsfondet EQT. Veksten og suksessen på verdsmarknaden resulterte i at fondet har valt å selja seg ned etter langt kortare tid enn det som er vanleg blant denne type finansielle eigarar.

Hatteland (9 prosent eigardel) og dei andre lokale eigarane var kloke nok til å bli sitjande igjen med ein aksjepostar som nå stig kraftig i verdi. 67-åringen sine aksjar er etter denne handelen verdt godt og vel halvanna milliard kroner, ifølgje dagens Næringsliv. Det kjem i tillegg til salssummen, også den i milliardklassen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS