Fords nye elbil Mustang Mach-E er den mest selde nybilen i juli.
FOTO: Ford Motor Norge
Solid auke i nybilsalet i juli
Ser ein dei sju første månadane i år under eitt, har nybilsalet auka med 36,9 prosent samanlikna med same periode i fjor, viser tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken.
Det er den heilt nye Ford Mustang Mach-E som har vorte førstegongsregistrert mest. Heile 898 av denne bilmodellen er levert i juli.
– Draumen om ein Ford Mustang har no tydelegvis gått i oppfylling for mange. For den nye Mustang-modellen, som er ein rein elbil, toppar nybilsalet i juli. Og samla sett tyder salstala for nye bilar, som klart blir dominerte av elbilar, på at rekkjevidd- og ladeangst er i ferd med å bli historie. No vil nesten alle» ha elbil, seier direktør Øyvind Solberg Thorsen i Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).
Tala viser at 64,1 prosent av nybilane var heilelektriske. 27,6 prosent var hybridbilar.
(NPK)