Solberg med klar tale: Noreg må takke ja til plassen ved EUs bord
– Vi vel Europa, sa Erna Solberg i opningstalen til landsmøtet. Den dreidde seg i hovudsak om korfor Noreg må snu og seie ja EU-medlemskap.
– Vi vel Europa, sa Erna Solberg i opningstalen til landsmøtet. Den dreidde seg i hovudsak om korfor Noreg må snu og seie ja EU-medlemskap.
– Det er plass til Noreg rundt EUs bord, og vi bør takke ja til den plassen, sa partileiaren då ho opna Høgres landsmøte på Gardermoen torsdag ettermiddag.
Svært mykje av talen kretsa rundt Noregs plass i Europa, samarbeid med EU og kva Noreg, saman med Europa, må gjere for å hjelpe Ukraina i krigen mot Russland.
Partileiaren, som fleire gongar har avvist forslaget om ei ny folkeavstemming om norsk EU-medlemskap, omtalte den norske EU-debatten som ein farse.
– Ei folkestemming er ikkje eit mål i seg sjølv. Ei folkeavstemming bør komme når det klart at ho vil leie til eit ja, sa Solberg.
Det kom som svar på korfor ho meiner Høgre ikkje bør gå inn for ei folkeavstemming.
Ho fryktar eit nytt nei» vil legge heile EU-debatten død i fleire tiår framover.
– Det Noreg manglar, er ikkje ei folkeavstemming, men eit fleirtal. Derfor må vi halde fram med å forklare kor viktig EØS-avtalen er for Noreg, sa ho vidare.
(NTB)