Eric Larssen Amaral (f.v.) saman med Maia Solgård Vestad, Sofie Solgård Vestad og vesle Billie Larssen Amaral på Peparen i Skånevik.
Foto: Haldis Evensen Espeland
Sola steiker – og det myldrar på badestrendene
Dei livlege ungane hadde vore ute i sjøen og bada. Når det er opp i mot 30 grader er det ikkje mykje anna å gjera enn å oppsøke det litt kjølegare vatnet. Skånevik har ein spesiell sommaridyll, noko som trekker til seg både hyttefolk og turistar.
Saman med Eric Larssen Amaral hadde dei tre jentene funne seg ein fin plass på den populære stranda. Eric, som er frå USA, fortel at han og dottera, Billie Larssen Amaral, bur i Haugesund. Billie lekte i sanden med bøtter og spade. Sofie Solgård Vestad og Maia Solgård Vestad er frå Oslo.
— Me har hytte her i Skånevik, seier Maia.