Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Nils Tokheim
Nils Tokheim

Petit

Snev av autisme

Publisert Sist oppdatert

Tenk om eg kunne ha vore glødande interessert i noko kulturelt som ballett eller opera, eller vore spesielt god til å laga mat. Neidå, utan at det gav meg noko særleg, har eg vore på Nøtteknekkaren i Operahuset og sett Bertold Brecht sitt Mutter Courage på ei ærverdig scene i Köln.

Eg er ein som kan litt om det meste – ein generalist som fyller hjernen med unødig informasjon og pussige poeng. I quiz, og av og til i sosiale lag, kan det koma til nytte. Eg karra til meg høgare utdanning, sjølv om mykje av hjernekapasiteten på den tida blei brukt til musikk, verdskartet og engelsk fotball.

Tal hadde eg ikkje tildelt mykje kapasitet i hjernen. Det kan mattelærar Hamre på dåverande filial Ølen av Stord Gymnas, skriva under på. Eg forlèt Ølen og Hamre, og snodde meg resten av utdanningsløypa unna matematikk. Merkeleg nok oppnådde eg ei høgare økonomisk utdanning. Tal måtte gi meining for meg, og det gjorde det i eksportøkonomi.

Powered by Labrador CMS