Snart kan du spela golf i Etne
Stian Åsheim er éin av tre eldsjeler som vil gi etnebuen eit nytt tilbod. Om alt går etter planen, vil ein golfsimulator vera på plass før sommaren.
I Etne blir det no satsa på ein heilt ny golfsimulator, og initiativtakarane bak prosjektet er Stian Åsheim, Leif Vestbø og Erling Bjarte Rullestad. Dei har funne eit eigna lokale, rekna ut kostnadane og er klare til å gjennomføra prosjektet – og det einaste som manglar er finansieringa. Golfsimulatoren skal gi både erfarne golfspelarar og nybyrjarar sjans til å trena, spela og oppleva golf utan å måtta reisa langt.
— Me har bestemt oss for å investera i ein Trackman, som er den beste golfsimulatoren du kan få. Her kan du spela på verdskjente banar, trena slagteknikk og til og med ta kurs for å bli kvalifisert til å spela på ekte golfbanar, seier Stian Åsheim.
Plassen er klar – ventar på finansiering