Illustrasjonsfoto.
Slutt på bandtvangen – men ikkje for alle
Den generelle bandtvangen varer frå 1. april til og med 20. august kvart år. Dette fordi dyrelivet er ekstra sårbart i denne perioden. Hundar skal ikkje kunne jaga, skremma, eller skada dyr på beite, ville dyr eller fuglar og heller ikkje øydeleggja egg, reir eller bu.
I enkelte kommunar kan det vera innført utvida bandtvang i gitte område og ved ekstraordinære behov. Slik er det for Etne kommune der bandtvangen i følgje heimesidene varer til 31. oktober, mens forskrifta seier at bandtvangen varer til 1. oktober.
I Vindafjord derimot kan hundane frå 21. august sleppa bandtvangen og når hundar ikkje lenger treng vera i band er det fleire ting hundeeigarar er nøydde til å hugsa på.