Butikken var innbydande og nyrenovert då han opna i 2022Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Butikken var innbydande og nyrenovert då han opna i 2022

Slutt for strikkebutikk

Etter to år med ein populær og unik strikkebutikk, har Marthe Jordal valt å avvikla Marthes Strikkekjellar. Laurdag blir siste opningsdag, og ho ser tilbake på ei tid fylt av gode minne og nye vennskap.

Publisert Sist oppdatert

Marthes Strikkekjellar har vore ein fin møteplass for strikkeglade i Etne sidan opninga i november 2022. Det starta som ein draum om å skapa ein plass for inspirasjon og kreativitet, og utvikla seg til å bli eit lite samlingspunkt der nye vennskap og fellesskap oppstod rundt strikkepinnar og garnnøste. No, etter to spennande og lærerike år, vel Marthe å avslutta.

I ein Facebook-post legg ikkje Marthe skjul på at ho er stolt over det ho har fått til, og ho kjem til å hugsa denne perioden med glede.

— Eg er utruleg stolt over meg sjølv for at eg hoppa i det og klarte å skapa ein så unik og fin strikkekjellar, skriv ho i innlegget sitt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS