Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Næringsliv

Slutt for populær butikk etter 62 års drift

Publisert Sist oppdatert

— Alt har sin ende, seier Erling Grindheim. I desse dagar er han i ferd med å avvikla butikken E. Grindheim & Sønn AS i Etne.

Den populære fagbutikken kloss i hovudvegen i sentrum har vore i full drift sidan Erling sin far, Einar Grindheim, starta opp med butikkdrifta på byrjinga av 1960-talet. Einar var utdanna malarmeister og hadde lenge gått med ein draum om å starta sin eigen malarbutikk. I 1962 blei draumen verkeleg og ekteparet Einar og Anna kunne flytta inn i nybygd hus med butikk i første etasje og to leilegheiter i andre. Einar og Anna heldt hus i den eine leilegheita, medan sonen Erling, kona Edith og borna budde i den andre leilegheita.

— Far min hadde ønskt seg butikk og det fekk han. Huset blei bygd med to leilegheiter. Far og mor dreiv butikken i lag. Mor mi Anna var på butikken heile tida. Ho var eineståande, fortel Erling som budde med familien i huset i fire år fram til dei flytta til Steinshagen i 1975.

Powered by Labrador CMS