Det er ein kald dag i Etne måndag, med frost på bakken.
Ann Margit Grønstad
Slik blir veret i jula: — Lurt å vere merksam på det
Med høgtrykk over Sør-Skandinavia som gir lite vind og klare himlar både dag og natt, ligg det an til ei roleg julehelg vermessig.
– Det ser veldig fint ut. Det er eit høytrykk som har lagt seg over heile Sør-Skandinavia, så det er stabilt og roleg ver i vente. Det er lite vind, og det skal bli ganske fint med gode moglegheiter for både sol og stjerneklår himmel på natta, både i natt og inn mot julaftan, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk Institutt i Bergen, Emili Carin Rønning.
Ingen sjans for snø