Redaktør Arne Frøkedal i samtale med ordførar Mette Heide Bergsvåg Ekrheim, medlem familie-og kulturkomiteen Åslaug Sem-Jacobsen og stortingsrepresentant Kjersti Toppe under besøk på kontoret til avisa Grannar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Slår eit slag for lokalaviser
— Både eg og Sp ønskjer å styrke lokalavisa og me har programfesta styrke av lokalmedia. Lokalmedia er viktig for lokaldemokratiet, understrekar Sp-politikar Åslaug Sem-Jacobsen etter at ein kort omvisning i lokalavisa Grannar er unnagjort.
Medlem av Familie- og kulturkomiteen hadde tatt turen til Etne og Kvinnherad saman med nestleiaren i Helse-og omsorgskomiteen Kjersti Toppe (Sp) mellom anna for å besøkja lokalaviser med forskjellig eigarskap. Og i løpet av rundturen i kommunane Etne og Kvinnherad tok dei turen innom lokalt eigde Grannar sine lokale i Etne i tillegg til A-media-avisa Kvinnheringen, og dessutan avisa Grenda som er ei blanding av konserneigarskap og lokalt eigarskap.
— Som mediepolitisk talsperson har eg hatt eit ønske om å besøkja lokalaviser. Nå skal eg innom tre, seier ho.