Inga-Cecilie Sørheim.
Foto: Privat
På tampen
Slank med sprøyter?
Nå skal du få høyre ei historie. Ei historie eg høyrer ofte. Pasientar i alle aldrar, både kvinner og menn, kjem inn på kontoret mitt med eit oppgitt hjartesukk. Dei klarar ikkje å gå ned i vekt. Dei har høyrt råda om å ete midre og bevege seg meir ørti» gonger. Kunnskapen om kaloriar og lågkarbo er på topp. Dei har gjennomført ulike slankekurar og strenge diettar med god effekt. Etterpå kjem kiloa tilbake, med renter. Vekta kryp oppover, medan sjølvkjensla kryp nedover. Mange er skamfulle og klandrar seg sjølve for manglande viljestyrke. Kvifor klarar eg det ikkje..?
Overvekt og fedme er aukande problem i dei fleste vestlege land. Me lever i eit samfunn som fremmar overvekt og fedme. Tilgangen til mat og drikke er meir lettvint enn nokon gong før, særleg usunne og kaloritette alternativ. Ultraprosessert mat og kjappe løysingar er kvardagen for dei fleste av oss. I tillegg lever me meir stillesittande og inaktive liv enn nokon gong tidlegare i historia.
Overvekt er eit samfunnsproblem. Det blir for lettvint å seie spis mindre og beveg deg meir». Alle veit dette. Vekt er resultatet av eit komplekst samspel mellom kosthald, fysisk aktivitet, genetikk, hormonelle forhold, forbrenning og stoffskifte. Korleis alle desse faktorane påverkar vekta er individuelt, og endrar seg i løpet av livet. Slankekurar verkar på kort sikt, men kan gi lågare forbrenning og vektoppgang på lengre sikt.