Skriv verdshistorie innan rallycross
Det var ein spent gjeng i Vikedal som venta på doningen som tidlegare på dagen hadde kome til Stavanger med Fjordline-ferja.
— Det er ein draum å få ha ein supercar og verdas første elektriske rallycrossbil. Dette hadde eg ikkje trudd at eg skulle få oppleva. Det er Nils sin forteneste, seier Svein Bjarte Holten og sender ein stor takk til investor Nils Reimers frå Bjoa som gjennom selskapet Ing. Nils Reimers AS har investert i fartsvedunderet som skal driftast og vedlikehaldast av Holten Motorsport AS i Vikedal.
Stor merksemd