Skreiv historie med humanistisk seremoni
Det var ei høgtideleg stemning då 15 flotte konfirmantar møtte opp i finstasen til strålande sol på Sjøperlo i Ølen laurdag. For aller første gong blei det arrangert humanistisk konfirmasjon i distriktet. Tidlegare har dei reist til Haugesund for seremoni, men sjølve kurset har dei hatt i Ølen dei tre siste åra.
—Dette er tredje året eg er kursleiar lokalt. Under seremonien i Haugesund i fjor så tenkte eg at dette må me nå klara å få til her òg, seier Knut Sandvik som er både kursleiar, seremoniansvarleg og seremonileiar.
Spente konfirmantar