Sjømannsprest Henning Vik er på plass i Modane, der dei pårørande er samla etter skredet i Val Cenis. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPKBilete: 7GgYt-SLBzoBilde av snøskredet på fjellet Pointe de Cugne ved Val Cenis i Frankrike, to dagar etter at skredet fann stad. Fire norske skiløparar frå Alta folkehøgskole omkom i dette skredet onsdag ettermiddag. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Sjømannsprest Henning Vik er på plass i Modane, der dei pårørande er samla etter skredet i Val Cenis.

Rasulukka i Frankrike

Skredet i Frankrike: Dei overlevande grov fram vennene sine

Dei tre som overlevde snøskredet i Val Cenis, prøvde forgjeves å grave fram dei som vart tekne av snømassane. No er namna på dei omkomne offentleggjorde.

Publisert Sist oppdatert
Det var Bjarte Selsaas (29) frå Vindafjord, Jon Håvard Hagerup Appelkvist (31) frå Stjørdal, Ingrid Velken Kverneland (32) frå Færder og Emil Tobias Langhus Bye (22) frå Oslo som omkom. Alle var elevar ved Alta folkehøgskole.

Det var i alt sju nordmenn i reisefølgjet. Tre av dei vart verande igjen lenger nede i fjellet, medan dei fire som omkom, skal ha vore på veg oppover for å køyre endå ein tur ned fjellpasset Col de Sollieres.

Då skredet skjedde ved 16.20-tida onsdag ettermiddag, såg dei overlevande at klassekameratane vart tekne. Då gjekk dei omgåande til verks med redningsarbeidet.

– Dei byrjar med peilarane sine og finn raskt to personar. Dei er berre tre, så to av dei byrjar å grave på det eine staden, og den siste nokre hundre meter unna. Dei grev så fort dei klarer og gir alt dei har for å redde vennene sine. Dei grev dei fram, men då er dei døde allereie, seier sjømannsprest Henning Vik frå Sjømannskyrkja i Paris til NTB.

No er offeras pårørande samla i Modane i forkant av ei minnestund laurdag.

– Vi har no fått ned så godt som alle. Når denne dagen er over, så har vi representantar frå alle familiane her. Alle har minst éin frå familien her. Det er godt, seier Vik.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS