Midtbotnvatnet
SKL har fått ja til Blåfalli Fjellhaugen kraftverk
Sunnhordland kraftlag (SKL) har fått konsesjon til å byggja Blåfalli Fjellhaugen kraftverk i Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune. Løyvet blei gitt i statsråd fredag 4. april.
Blåfalli Fjellhaugen er eit nytt vasskraftverk som skal forbetra produksjonen i dei eksisterande kraftverka i Blåfalli-anlegget. Kraftverket er planlagt som eit såkalla eRekt-anlegg, som betyr at det kan levera mykje kraft på kort tid – ein eigenskap som er særleg viktig for å balansera innslaget av uregulerbar sol- og vindkraft i det norske kraftsystemet.
Den planlagde installerte effekten er på 185 megawatt, og kraftverket vil kunna gi ein årleg produksjonsauke på om lag 70 gigawattimar (GWh).
Sidan 2012