Kloskate.
Foto: Anette Karlsen / Havforskingsinstituttet
Skatefiske kan gi millioneksport
Skate blir i dag stort sett fiska som bifangst og nytta til laksefôr, men har stort potensial som menneskemat og eksportprodukt, viser ein ny forskingsrapport.
Skate blir i dag stort sett fiska som bifangst og nytta til laksefôr, men har stort potensial som menneskemat og eksportprodukt, viser ein ny forskingsrapport.
Marknadsmoglegheitene for skateprodukt er gode både i Europa og Asia, viser rapporten Markedsmuligheter for skate til konsum
», som forskingsinstituttet Nofima har laga med finansiering frå det statseigde Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering (FHF) i Tromsø.
Manglande artsbestemming er den store utfordringa, går det fram av rapporten. For av dei 14 skateartane som finst i norske farvatn, er fleire klassifiserte som utryddingstrua eller sårbare. Og utryddingstrua skate er det ikkje marknad for.