Karina Aarekol Johnsen er dagleg leiar på Rullestad camping. No planlegg ho ein haust med mykje på programmet. Mellom anna har ho ei løysing til foreldre som har problem med å få feriekabalen til å gå opp.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Skapar liv på plassen
Karina Aarekol Johnsen (32) er ny dagleg leiar på Rullestad camping, og har allereie planane klare for både campingturistar, forbipasserande turistar og for foreldre som har hamna litt i SFO-knipa i haustferien.
Med 12 års erfaring som barne- og ungdomsarbeidar hadde Karina Aarekol Johnsen frå Sandeid mange kreative idear med seg i bagasjen då ho starta som dagleg leiar på Rullestad camping 1. juli.
Først og fremst er det campingplass og kafé som skal driftast på den idylliske plassen ved Rullestadvatnet heilt aust i Etne, men 32-åringen vil også spela på fleire strenger.
— Eg har tenkt litt på dei som slit med å få feriekabalen til å gå opp. Derfor har eg lyst til å laga eit lite opplegg for ei handfull 1.-3.-klassingar frå både Etne og Vindafjord. I denne første prøverunden» set eg eit tak på åtte elevar, og avgrensar det til måndagen og tysdagen i haustferien. Eg trur det blir veldig kjekt både for meg og dei, seier ho.