MF Kvinnherad» gjekk i mange år i sambandet Skånevik-Utåker-Matre før den vart erstatta av ei el-ferje i fjor.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Skånevik-ferje på veg til Afrika
MF Kvinnherad» vart erstatta av el-ferja Matre» i fjor, og vart deretter selt til energiselskapet Africa Energy s.a Nigeria Ltd. Stavanger Aftenblad har omtala ferja sidan skipet vart halde tilbake i Stavanger av Sjøfartsdirektoratet.
Tidlegare låg ferja i hamn i vente på å få i orden på endringa av flaggstat.
Deretter vart Kvinnherad» nekta å forlate kai etter at ein inspeksjon frå direktoratet, avslørte manglande sertifikat og at mannskapet hadde vore utan løn i ein periode.