I februar vart det eksportert sjømat til EU til ein verdi av 7,4 milliardar.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Sjømat Norge om ny toll: – Alvorleg, men vanskeleg å seia korleis han rammar
USA er Noregs største enkeltmarknad for sjømat, men bransjen veit ikkje korleis tollen kjem til å ramma. – Me jobbar med å skaffa meir informasjon.
– Ja, dette er alvorleg. USA er den største enkeltmarknaden vår. Berre i februar vart det eksportert sjømat for 1,6 milliardar, seier direktør Trond Davidsen for internasjonal avdeling i Sjømat Norge.
Noreg får ein generell toll til USA på 15 prosent, som er i tillegg til den ordinære tollen, ifølgje organisasjonen .