Svartglenten, som er eit svært sjeldant syn på våre kantar, var i fin form då den vart slept fri i Etne måndag. Då hadde den vore fange i ei kråkefelle i 19 døgn. FOTO: PRIVAT
Svartglenten, som er eit svært sjeldant syn på våre kantar, var i fin form då den vart slept fri i Etne måndag. Då hadde den vore fange i ei kråkefelle i 19 døgn.
Dette bildet er tatt då svartglenten vart funne i kråkefella i Vindafjord kommune. Fella skulle ha vore stengt, som følgje av at kråke er freda frå 1. april til 14. juli.FOTO: PRIVAT
Dette bildet er tatt då svartglenten vart funne i kråkefella i Vindafjord kommune. Fella skulle ha vore stengt, som følgje av at kråke er freda frå 1. april til 14. juli.

Sjeldan rovfugl sto fast i kråkefelle i 19 dagar

Midt i fredingstida for kråke gjekk ein sjeldan og GPS-merka rovfugl i ei kråkefelle i Vindafjord.

Publisert Sist oppdatert

Frå 1. april til 14 juli er det fredingstid for kråka. Likevel har ei kråkefelle i Vindafjord fanga fuglar, noko som er ulovleg i ynglingsperioden. Det alvorlege brotet på viltlova vart avslørt på ein måte som bør setje ein støkk i ein kvar som med overlegg eller aktlaust har fanga fuglar i fredingstid: Ved hjelp av GPS-teknologi og satellittar i verdsrommet er det nokon som følgjer med.

Varsla av tjekkisk forskar

Alarmen gjekk ikkje i Vindafjord, men om lag 120 mil i luftlinje lenger sør, på kontoret til ein forskar ved eit universitet i Tsjekkia. For det er i samband med tsjekkisk forsking på fuglearten svartglente at den aktuelle fuglen er blitt merka med GPS-sendar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS