Ein tyfon, på folkemunne kalla flyalarm, på taket av Østbanehallen i Oslo. I fredstid testar Sivilforsvaret alle tyfonane i landet to gonger i året, klokken 12 den andre onsdagen i januar og juni.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Sivilforsvaret testar signalet Viktig melding – søk informasjon»
Sivilforsvaret testar onsdag 12. januar klokka 12 tyfonane sine, også kalla flyalarmen, med signalet Viktig melding – søk informasjon».
Signalet betyr at ein skal søkje informasjon på til dømes radio, TV, i aviser, på nettsidene til styresmaktene og i sosiale medium. Det er rutine at varslingsanlegga blir testa i januar og juni kvart år.
— I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff, medan dei i krig kan brukast ved fare for angrep, seier direktør Elisabeth S. Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).