Siste innspurt i konkurransen om årets sommarbilete!
Fristen for å sende inn bidrag til konkurransen om å årets sommarbilete har no gått ut. Grannar takkar for alle dei flotte bidraga som er blitt sendt inn denne sommaren! Sjekk ut biletserien øvst i saka, så kan du bla gjennom alle bileta som har komme inn den siste veka.
Gjennom sommaren har Grannar kåra 1., 2. og 3. plass kvar veke. Første plass går vidare til finalen. Den skal avgjerast gjennom avrøysting kommande helg. Følg med på grannar.no for å stemme på favoritten din, eller besøk oss på Etnemarknaden!
Unni Marie Lien frå Ølen går heilt til topps i denne veka, med biletet av fjorden i Ølen ei sommarnatt i 2-tida. Ho hadde ikkje tid til å leite fram fotokamera som ho pleier å bruke, men brukte mobiltelefonen for å fange den spesielle augneblinken. Ho fortel at himmelen er pryda av lysande nattskyer (noctilucente skyer), eit flott vêrfenomen, på biletet. Dette er siste bidrag som går til finalen denne sommaren.