Rektor Ruth J Sæle ved Ølen vidaregåande skule.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Siste frist til å søke skuleplass
I Vindafjord kommune er det to vidaregåande skular, Ølen vidaregåande skule (VGS) og Lundeneset VGS.
Ølen VGS tilbyr studieretningane studiespesialisering, idrettsfag, påbygging til generell studiekompetanse, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag og tilrettelagt opplæring. Nytt frå hausten er VG2 anleggsteknikk, som er eit kryssfag der elevar frå både teknologi- og industrifag og bygg og anleggsteknikk kan søkje seg inn.