Erik Lea er forsvarar til den sikta kvinna etter dødsfallet i Ølensvåg.
Pressefoto: Haakon Nordvik
Mann funnen død
Sikta kvinne kan bli flytta til Skien. — Håplaust, seier forsvararen.
— Kvinna er heilt avvisande til siktinga, seier Lea på veg til fengslingsmøtet i Stavanger tysdag.
Han fortel at kvinna har det ganske ille, og opplever det som spesielt og tøft å bli arrestert for noko ho hevdar å ikkje ha gjort.
— Ho er i sjokk og har det vanskeleg. Ho har mista ein nærståande og er skulda for å ha drepe vedkomande, seier forsvararen.