Noreg og Sverige går saman om ei nominering av seterkulturen til Unescos representative liste over immateriell kulturarv.
Foto: Peder Skjelten / NPK
Seterkulturen nominert til Unesco
Både Noreg og Sverige stiller seg bak nominasjonen av seterkulturen til den representative lista for immateriell kulturarv, og den svenske regjeringa leverte nyleg nominasjonen til Unesco, skriv Norsk Seterkultur i ei pressemelding.
– Dette er ei viktig godkjenning frå styresmaktene i dei to landa. Arbeidet har vore både krevjande og veldig givande, og vi har fått mykje støtte. Dette har vore ein prosess frå grasrota som har gjort mange av oss mykje meir medvitne på kva verdiar vi forvaltar. Seterkulturen er ein like viktig kulturarv som stavkyrkjene våre, seier styreleiar i Norsk Seterkultur, Siv Beate Eggen.
Nominasjonen skal no vurderast av ein internasjonal komité utnemnt av Unesco. Dersom han også går gjennom vil innskrivinga på lista for immateriell kulturarv skje i desember 2024.
Mange ulike miljø har vist eit stort engasjement for seterkulturen. Saman med nominasjonen vart det levert 110 støttebrev, omtrent halvparten kvar frå Noreg og Sverige.
(NPK)