Fjellreven som blir sett ut no, er ikkje i nær slekt med dei som allereie lever på Hardangervidda og i Sylan. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Fjellreven som blir sett ut no, er ikkje i nær slekt med dei som allereie lever på Hardangervidda og i Sylan.

Set ut 29 fjellrevkvalpar for å redusere innavl

29 fjellrevkvalpar blir sette ut på Hardangervidda og i Sylan for å gi auka genmangfald og redusere innavl, skriv Norsk institutt for naturforsking (Nina).

Publisert Sist oppdatert

Innavl blant fjellrevar må reduserast for at bestanden skal bestå, meiner Nina.

I 2014 var fjellreven nesten utrydda på Hardangervidda, men no blir det anslått å vere 40 vaksne dyr der. Likevel er ikkje bestanden robust nok til klare seg på sikt. Arten er framleis rekna som sterkt trua på den norske raudlista.

20 kvalpar er allereie sett ut på Hardangervidda. Desse kjem frå ein avlsstasjon på Sæterfjellet i Oppdal og er ikkje i slekt med dei eksisterande revane. Ytterlegare ni skal setjast ut i Sylan, på grensa mot Sverige.

– Målet er at fjellreven som art skal kunne stå på eigne bein etter kvart, utan at vi treng å avle fram og setje ut dyr. For å lykkast må vi gi fjellreven eit best mogleg utgangspunkt ved å byggje bestandar med høg genetisk variasjon. Vi må sikre at kvar bestand har fleire ubeslekta stamfedrar og -mødrer, seier Øystein Flagstad, genetikar i Nina.

(NPK)

Powered by Labrador CMS