Attraktivitetsprosjektet i Vindafjord er døypt om til Vakre Vindafjord som merkenamn. Dei to største prosjekta er handlebuss og marknadsføringsprosjektet Vakre Vindafjord som blant anna skal få si eiga heimeside. Det siste er for det meste i regi av Medvind Næringshage og fekk tidlegare i år tildelt 130.000 kroner i første omgang.
Hastar med finansiering
Attraktivitetsprosjektet som kom i gang i 2018, hadde i utganspunktet 700.000 kroner til disposisjon og no er vel halvparten av pengane brukte opp. Målet frå Vindafjord kommune si side er å utvikle trivsel og bidra til folkevekst i bygdene Imsland, Bjoa og Vikebygd som over litt tid ikkje har hatt den beste utviklinga.