Ser alltid mot nye høgder
Grannar treff henne heime på Gislahaugen på Fjellgardane, eit godt stykke inn Vikedalsdalen, der ho og kjærasten Martin Børve nå eig gard. Akkurat denne dagen heldt ho på med å søke visum til India. I oktober blir det ny ekspedisjon til neste ekstremt høge fjell, Himlung Himal i Nepal, etter suksessen med sjølvaste Mount Everest i fjor. Forholda på 7.140 meter høge Himlung Himal, eller Nemjung, som det også heiter, skal rett nok på papiret vere ein del snillare enn verdas høgaste fjell. På denne turen er planen til Moa å ta med seg eit par ski til topps.
— Det er berre for å prøve det, eigentleg, sjå i kva grad det går an. Eg har eit samarbeid med eit skimerke på Voss. Oppstiginga på Himlung Himal er slakare enn mange andre fjell, og eg er alltid på utkikk etter å gjere noko nytt og spennande.
Motivert av skeptikarane