Saka skal opp til votering i Stortinget neste veke. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Saka skal opp til votering i Stortinget neste veke.

Semje om ny barnelov: – Legg til rette for mindre konflikt

Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet er samde om ei ny barnelov, som skal sørgje for ein meir likestilt foreldreskap.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er ein viktig milepæl for barns rettar i Noreg. Vi legg til rette for mindre konflikt ved samlivsbrot og gir barn ei sterkare stemme i saker som gjeld dei, seier Åse Kristin Ask Bakke (Ap), medlem av familie- og kulturkomiteen.

Partia er samde om ei barnelov som skal sørgje for ein meir likestilt foreldreskap, mellom anna ved å gjere delt dagleg styresmakt til hovudregel ved samlivsbrot, opplyser Arbeidarpartiet i ei pressemelding.

Lova inneheld mellom anna eit nytt innleiande kapittel som tydeleg slår fast barns grunnleggjande rettar, inkludert rett til omsorg, medverknad, vern mot vald og rett til familieliv.

– I den nye barnelova blir det presisert at det er barns beste som skal liggje til grunn, dette er eit stort steg framover for å sikre tryggleik, rettferd og barnets beste i alle situasjonar seier Arbeidarpartiets Mona Nilsen.

Dagens barnelov vart sist oppdatert i 1981.

– Barnelova er oppdatert i tråd med tida vi lever i og set rettane til barnet endå meir i fokus. I dag veit vi kor viktig det er for barn å ha god tilknyting til begge foreldra sine, Nilsen.

Innstillinga i saka vart klar torsdag og skal opp til avstemming i Stortinget onsdag neste veke.

Powered by Labrador CMS