Seksti energiske år ved E134
I 1967 fekk Jarl Sjurseike (1935-2013) sett opp tre drivstoffpumper på eigedomen sin på Knapphus i Øvre Vats. Dermed vart fundamentet lagt for ei verksemd som i dag har årsomsetnad på godt over éin milliard kroner.
Eit fritt bilsal i Noreg frå oktober 1960 fekk som ein logisk konsekvens at omsetninga av drivstoff kom til å auka. Følgjeleg vart det behov for fleire utsalsstader.
Ideén til å etablera ein bensinstasjon på Knapphus kom frå far til Jarl Sjurseike, vegvaktaren Johannes, som meinte at det kunne vera gunstig med ei slik verksemd her.
Då den unge familiemannen Jarl Sjurseike starta med drivstoffsal, hausten 1961, var han tilsett på butikken til Karl Hatteland i Åmsosen. Han heldt fram ei tid hos Hatteland etter at bensinstasjonen var etablert. Dermed vart det fru Anna (f. Urdal) som måtte fylla drivstoff på tanken til dei vegfarande som kom innom, i tillegg til å vera småbarnsmor.
I ein periode frakta Jarl Sjurseike avisa Haugesunds Dagblad til Sauda, noko som medførte nattarbeid og tid borte frå stasjonen.
Vestenfjeldske