Seks på gata om sommarvêret
1. Korleis påverkar vêret deg i sommarferien?
2. Kva planar har du for ferien?
3. Kva er ditt beste ferieminne?
Sondre Nordtveit
Bustad: Ølen
1: Eg er blitt kalla veldig vêrsjuk av ho eg bur med, så eg vil seie vêret påverkar meg meir enn eg trur.
2: Eg har vore ein tur til Rhodos med familien og nå skal me på bobiltur rundt om i sykkelparkane i Noreg og sykla heisbasert terrengsykkel. Me har vore på MX-camp hos NMK Vikedal. Ellers i slutten av ferien skal eg ta ein tur til Sokndal å køyre motorsykkel på bane.
3: Må vel vere då eg var liten og sprang rundt på Duberget med familien og venner, utan nokre bekymringar. Elles hugsa eg godt då eg var med i slåtten i Blikrabygda hos slekto. Så har eg alltid assosiert ku-skit lukt og når dei køyrer skit på bakkane, med sommar og gode minner.