Satsar på heimebane
Pattarin Pongnawpun (50) er tilbake i bygda ho føler seg tett knytt til sidan ho flytta frå Thailand i 2011. Arbeid som nattevakt i Etne har ho hatt lenge, og då ho tidlegare i år kjøpte seg hus sentralt i Etne, tok ho med seg den andre arbeidsplassen sin frå Ølen.
Det lyser energi av dama som etter fjorten år i Noreg snakkar svært bra norsk. Då tatt omsyn til at det er stor skilnad på thailandsk og norsk som gjer at både ordforråd og uttale ofte tar lang tid å få opp på eit visst nivå.
— Eg satsa tidleg på å læra meg språket og å ta meg ei fagutdanning, seier helsefagarbeidaren.
Vårrullar
Ho har alltid vore interessert i matlaging. Dette gjeld sjølve prosessen, men òg det kreative og sosiale med mat.
— Eg syntes at ein her i Noreg brukte for lite tid til å nyta maten, men eg såg òg at mange nordmenn gjennom auka reising i Asia har tilpassa seg framande matvanar, seier ho.
Ho starta forsiktig med å laga vårrullar som ho selde både til private og til butikkar. Etter kvart blei det utvida til å ha eige utsal, og ei matvogn blei innkjøpt. Den hadde ho fleire år i Ølen, men etter at ho for kort tid sidan kjøpte seg hus i sentrum av Etne, har ho tatt med seg vogna over Fikse.
— Eg har i sommar brukt vogna på festivalar, og det er slik eg har tenkt å bruka ho framover. Til eg får godkjent bruksendring på bygningen på tomta mi som opphavleg var ein garasje, sel eg frå vogna her heime i Etne, seier den blide 50-åringen.
Dobbel
Det er naturlegvis thaimat som er spesialiteten hennar, men ho har i fleire år laga sushi. Det er i grunn asiatisk mat ho satsar på, og ho ser likskap mellom thailandsk og japansk mat. Ris er fellesnemnaren, om enn ho understrekar at det er svært mange ulike typar ris.
— Det gler meg når kundar kjem med positive tilbakemeldingar, eller at eg ser at kundar kjøper det same gong etter gong, seier ho.
Det er sjølve matopplevinga som er viktig for henne. På opningsdagen 1. november var hovudtilbodet tapas, så det hender òg at det er europeisk mat på menyen.
— I min kultur frå Thailand kan me sitja med mat i timevis, og matopplevingar gir meg livskvalitet, understrekar ho.
Ulikt
Ho har merka seg at her i landet blir det typisk laga rettar med få ingrediensar, medan i Thailand er det ein breiare mikstur som i større grad er blanda inn i kvarandre.
Pattarin, eller Patt blant vener, seier at det går fint å kombinera å jobba nattevakter med å arbeida med catering og matsal på ettermiddag og kveld.
— Eg har ikkje heilt full stilling på omsorgssenteret, så det er trass alt ikkje så mange netter eg arbeider. Når eg har vore på nattevakt er eg stort sett oppe i tolvtida for å førebu salet som opnar klokka 13, eller 14 som eg til no har praktisert her i Etne, seier ho.
Pattarin driv Thai Fusion Mat åleine, utan andre tilsette. Ho vil oppretthalda praksisen frå dei siste fire åra med ikkje å auka prisane. Det er lettare no enn tidlegare.
— På grunn av at eg eig grunnen sjølv, har eg ingen leigeutgifter, seier den smilande representanten for thailandsk arbeids- og livsglede.
Heime i Thailand har Pattarin familie og born. Ho kjem frå fylket Kalasin, nordaust i landet. Ho ser fram til om ikkje lenge å reisa på besøk i ein del veker. Før det satsar ho å selja mykje asiatisk mat til folk i Etne, og til forbifarande.