Næringsliv
Satsar i nye lokale
Det er fredag føremiddag, og Carina Opedal har unna seg ein time for å ta vippeløft i det nye lokalet til Siljes hud og velvære.
— Det er så kjekt at du er tilbake, seier Opedal medan ho ligg på benken med augo igjen.
Silje Molnes Åsheim sit konsentrert og jobbar nøye med vippene hennar. Dei småpratar medan behageleg, roleg musikk spelar i bakgrunnen. Carina fortel at då Silje var i permisjon, kjøpte ho eit ferdig sett for å ta vippeløft, men ho torde aldri å bruke det. No er ho glad for at Silje er tilbake frå mammapermisjon, slik at ho kan koma inn att i rutinane sine.