Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Samferdselsdepartementet ser på moglegheit til å tilby ein nasjonal togbillett til neste sommar. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Samferdselsdepartementet ser på moglegheit til å tilby ein nasjonal togbillett til neste sommar.

Samferdselsdepartementet ønsker norsk interrailbillett

NPK: Samferdselsdepartementet har gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å undersøkje moglegheiter for ein nasjonal togbillett.

Det skriv departementet i ei pressemelding.

Billetten vil fungere som ein periodebillett, gyldig på alle togstrekningar som blir køyrt etter avtale med staten.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide seier i pressemeldinga at dei har mål om å få på plass billetten for heile Noreg til neste sommar

— Toget tek oss på ein miljøvenleg og trafikksikker måte til fantastisk og variert natur, og til nokre av våre flottaste byar. Eg trur ein nasjonal togbillett, tilsvarande ein interrailbillett, kan få fleire til å ta toget på Noregs-ferie.

Powered by Labrador CMS