Bygda ligg stille. Lyden av måseskrik er det einaste som liknar uro, og bak dei faretruande mørke skyene, klarar sola periodevis å bryte i gjennom. Postbilen kjem køyrande, leverer frå seg avisa, og hastar av garde mot neste stopp. Ein høyrer nokre steg. Opp bakken kjem ein eldre mann i shorts, raggsokkar og crocs.
— Det er fint på Markhus, men me er ikkje så mange igjen, seier Lars Larsemann» Lundal (78 om ein månad), og inviterer Grannar på ein kopp kaffi.
— Trivlegare sommarstid