Sonen Erik Sævareid har i saman med sine tre søsken tatt over alle aksjane i Kyrping camping, og foreldra Torleif og Vanny Sævareid blir pensjonistar. For første gong i historia kan det hende dei tar ferie i juli...men berre kanskje.
Grethe Hopland Ravn
Sævareid-barna tar over Kyrping camping
Etter mange år ved roret har Torleif og Vanny Sævareid gitt stafettpinnen vidare. No har dei fire barna tatt over aksjane i Kyrping camping – og søker no etter ein ny dagleg leiar.
Vinden er iskald, og det bles godt rundt novene på Kyrping camping. Men
det har det gjort før også. Mange gonger. Det er heller ikkje få gonger Torleif
Sævareid har lege vaken på natta, spent på kva som ventar han av vinden sine
herjingar når ein ny dag gryr. Dette har vore ein del av livet som
campingplass-eigar, men nå skal neste generasjon ta over. Han og kona Vanny
blir offisielt pensjonistar 1. februar, og då er neste generasjon klar til å ta
over. Men Torleif og Vanny har ikkje tenkt å parkera heilt. Nå skal dei hjelpa
til når det passar.
— Neste gong vinden tar godt tak rundt hustaka
her, trur eg ikkje klumpen i magen er særleg mindre sjølv om eg ikkje eig
campingplassen lengre. Ein livsstil, blir du ikkje ferdig med berre fordi du
overlèt aksjane til neste generasjon, seier Torleif.
Historia om Kyrping camping går langt tilbake i
tid. Torleif Sævareid kan fortelja at det var far hans som starta opp i 1965
etter at turistar allereie då hadde begynt å visa interesse. På denne tida var
det den gamle Åkrafjordvegen som var hovudferdsåra, og dei som kom køyrande frå
aust, hadde god utsikt ned på garden. Far til Torleif sa til turistane som
ønskte å få campa på bøen deira, at slo marka nede ved fjorden, skulle dei få
lov til å setja opp telt.