Anita Haugland står for denne vekas petite.
Ryddesjau
For ei lita tid tilbake blei det utvikla ein app som avslører kven som gjer mest husarbeid. Ideen starta som ein spøk, då mannen bak appen tenkte at det var han som gjorde størsteparten av innsatsen heime. Samboer.app» fungerer slik at du registrerer kven som tek oppvasken, lagar mat, vaskar golv osb., og poenga aukar i takt med innsatsen. Ved vekeslutt blir det kåra ein vinnar.
Sjølv om appen viste seg å bli ei suksessfull historie som er lasta ned av tusenvis av brukarar, måtte gründaren innrømme ei litt bitter kjensle rundt det heile. Sambuaren hans knuste han i husarbeid. Litt sjølvsikker, etter å ha lese dette, føreslo eg for min eigen sambuar at me skulle laste ned appen.
I tida som følgde, gjorde eg mine vante oppgåver med å vaske bad og brette klede. Det eg ikkje hadde tenkt på, var at det også vanka poeng for å koke kaffi, lage frukost, tømme søppel og vaske bil. Etterkvart som poenga tikka inn hos motparten, byrja panikken å breie seg rundt i heile kroppen.