Sjåføren kryssa dei doble sperrelinene då han tok ein u-sving i eit forsøk på sleppe unna fartsbot etter å ha blitt målt til 100 kilometer i 80-sona i Rullestadtunnelen.FOTO: GOOGLE STREET VIEWRullestadtunnelen på E134 er ein vanleg stad for UP å ha fartskontrollar.FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Rullestadtunnelen på E134.

Rullestadtunnelen opna etter vel to timars stenging

Politiet melder like før kl 16.30 tysdag om brann i køyretøy i Rullestadtunnelen på E134. —Tunnelen er stengt. Naudetatane på veg, opplyser Sør-Vest politidistrikt.

Politiet valte å dirigera om trafikken via den gamle europavegen gjennom Rullestadjuvet.

Køar ved Rullestadtunnelen.

Politiet:

— To personar og fire hundar er henta ut frå tunnelen. Dei har vore i den aktuelle bilen. Trafikken flyt fint på den gamle vegen utanfor tunnelen.

Politiet sine opplysningar tyder på at det har vore røykutvikling i ein bil med ei campingvogn på slep, og at den skal vera sløkt med brannsløkkingsapparat. Bilen og campingvogna blei ståande 300-600 meter inn i tunnelen frå vest. Førar har fått i seg noko røyk og framstår som lettare skada, opplyser Sør-Vest politidistrikt.

Trailarar møtte stengt tunnel.

Saka framstår som eit motorhavari. Det er noko oljesøl i vegbanen Bergingsbil blir rekvirert for fjerna det aktuelle køyretøy, opplyser politiet. Personane i bilen blir tatt med til legevakt for sjekk.

Siste:

Politiet melder like over kl 18.30 at bilbegar har henta ut både bil og campingvogn frå tunnelen. Vegen er rydda for oljesøl og er nå opna igjen.

Powered by Labrador CMS