I forlenginga av arbeidet med ein rapport om kreft i Noreg, har Kreftregisteret undersøkt risikofaktorane bak mange krefttilfelle. Røyking er framleis den viktigaste enkeltfaktoren. Illustrasjonsfoto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK
I forlenginga av arbeidet med ein rapport om kreft i Noreg, har Kreftregisteret undersøkt risikofaktorane bak mange krefttilfelle. Røyking er framleis den viktigaste enkeltfaktoren.

Røyking, UV-stråling og overvekt forårsakar mest kreft

Publisert Sist oppdatert
Røyking er framleis den viktigaste enkeltfaktoren bak krefttilfelle i Noreg. Men stadig fleire får kreft som følgje av for mykje UV-eksponering eller overvekt.

— Sjølv om kreftrisikoen sluttar å stige etter røykeslutt, bidreg tidlegare røyking til forhøgd risiko lenge etterpå, seier seniorforskar ved Folkehelseinstituttets Kreftregisteret, Paula Berstad, i ei pressemelding.

Sjølv om mange stumpa røyken for lenge sidan, viser ein studie frå registeret at ein lang røykehistorikk framleis står for 20 prosent av alle krefttilfelle hos menn og 13 prosent hos kvinner.

Tobakksrøyking står framleis som den viktigaste enkeltårsaka til krefttilfelle som kunne vore unngått. Men studien viser at over ein tredel av krefttilfella som fanst i Noreg mellom 2016 og 2020, kunne koplast tilbake til 12 faktorar.

Fleire tilfelle av hudkreft

Etter tobakksrøyking trekkjer Kreftregisteret fram UV-stråling som ein faktor som i stor grad forårsakar kreft.

I perioden frå 2016 til 2020 stod solbrentheit og bruk av solarium bak 13 prosent av hudkrefttilfella hos menn og 10 prosent hos kvinner.

— Førekomsten av hudkreft har auka mykje dei siste åra, og desse resultata viser kor viktig det er å ha gode solvanar og unngå bruk av solarium, seier Trude Eid Robsahm, som er seksjonssjef ved forskingsavdelinga hos Kreftregisteret.

Overvekt og fedme er den tredje viktigaste risikofaktoren for kreft som kunne vore unngått. 4,5 prosent av krefttilfella i undersøkingsperioden er kopla til desse faktorane, og overvekt påverkar risikoen for heile 12 ulike krefttypar.

Rundt halvparten av den vaksne norske befolkninga er overvektige eller har fedme.

Risiko ved alkohol og kjøtt

Elles peikar Kreftregisteret på fleire faktorar som i stor grad bidreg til førekomsten av kreft i Noreg: Mangel på fysisk aktivitet, kosthald – ikkje minst raudt og prosessert kjøtt, alkohol og HPV-smitte.

I studien har forskarane kombinert kjende risikofaktorar for kreft med gjennomsnittlege årleg kreftførekomst frå 2016 til 2020.

Det var i snitt 36.000 nye krefttilfelle per år i undersøkingsperioden. Av desse var det 24.608 tilfelle årleg som kunne knytast til dei 12 ulike risikofaktorane, og blant desse kunne 12.250 tilfelle vore førebygde, ifølgje studien.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS