Korpsleiar Eric Jacoby i Etne Røde Kors. FOTO PRIVAT
Korpsleiar Eric Jacoby i Etne Røde Kors. FOTO PRIVAT

Røde kors-øving i sentrum

I dag kan ein sjå uniformerte mannskap frå Røde kors i Etne sentrum då 11 personar deltek i ei øving som startar på Grindheim og endar i sentrum.

Publisert Sist oppdatert

— I dag skal me øve på samband og litt enkel førstehjelp, seier korpsleiar Eric Jacoby i Etne Røde Kors.

Øvinga handlar ikkje om søketeknikk denne gongen, men om å samarbeida og koordinera seg effektivt i felt.

Eit sentralt punkt i øvinga er KO-plassen – kommandoplass – der politiet og innsatsleiinga normalt sit, men dei er ikkje med på øvinga i dag. Herifrå blir mannskapa styrt, og det blir brukt ein relativt ny app kalla FAKS, som Røde Kors i Etne har vore med og testa i eit pilotprosjekt. Appen blir brukt til å fordele oppdrag og følgja med på kor langt mannskapet har kome.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS