Grannar tilsette: Arve Skogen, redaktør Ann Margit Grønstad, Grannar sin påskehare, Randi Ronæs og Grethe Hopland Ravn.
Tilsette i Grannar: Arve Skogen, Ann Margit Grønstad, påskeharen, Randi Ronæs og Grethe Hopland Ravn.

Resultata etter påskequizen er klare

Grannveig har vore på rundtur i Grannar-distriktet, og no har me trekt ut seks finalistar. Av desse har tre heldige vinnarar fått gåvekort.

Publisert

Allereie første dagen konkurransen blei publisert, var det om lag 60 deltakarar som svara rett. Me i Grannar synest det er svært kjekt at ein slik konkurranse engasjerer lokalsamfunnet og skaper interesse blant lesarane våre. Kvar dag har det kome inn svar frå engasjerte deltakarar som har gjetta kvar Grannveig har vore.

Finalistar: Åse Kaldestad Davidsen, Ingfrid Byrkja Hystad, Helge Andre Frette, Henrik Hernes-Hansen, Bjørg Ågådt Djuvik og Ann Hilde Løhaugen.

Grannar har i dag trekt ut tre vinnarar som kvar får eit gåvekort: Ingfrid Byrkja Hystad, Helge Andre Frette og Bjørg Ågådt Djuvik.

Gåvekorta kan hentast på hovudkontoret til Grannar i Etne.

Tusen takk til alle som deltok!

Powered by Labrador CMS