Ved Postens Austlandsterminal har det blitt handtert over 21,5 millionar pakkar så langt i desember.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Rekordtravelt for Posten – handterte over 2 millionar pakkar i veka
– Det har vore ei hektisk, men utruleg morosam førjulstid. Våre tilsette har verkeleg stått på for å levere pakkar og post til alle delar av Noreg for å sikre ei god julefeiring for alle, seier konsernsjef Petter-Børre Furberg i Posten Bring i ei pressemelding.
Frå Vest Austlandsterminalen på Lørenskog, som er Postens hovuddistribusjonssenter, har det hittil i desember vorte send ut 21,5 millionar postsendingar.
I gjennomsnitt er det handtert over 2 millionar pakkar kvar veke ved Postens hente- og sendingsstader. Postens pakkeboksar har ifølgje selskapet hatt ein auke i bruk på over 100 prosent, samanlikna med 2023.