Rekordhøg kraftproduksjon i første kvartal
Kraftproduksjonen i kvartalet var 5,7 terawattimar høgare enn snittet for første kvartal mellom 2016 og 2024, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i kvartalsrapporten.
– Den høge kraftproduksjonen i Noreg kjem av god tilgang på vasskraft som følgje av allereie høge vassmagasinnivå og relativt høgt tilsig gjennom kvartalet, skriv NVE.
I tillegg var det høgare kraftprisar nord på kontinentet, og dermed også høg etterspurnad etter norsk vasskraftproduksjon.
Sidan forbruket ikkje auka like mykje som auken i kraftproduksjonen, kunne Noreg også eksportere meir kraft. Det vart eksportert dobbelt så mykje kraft i første kvartal samanlikna med same periode i fjor.
Nedbørsmengda for landet samla sett låg omtrent på det jamne, medan månadstemperaturen i januar, februar og mars var høvesvis 0,2, 2,1 og 2,6 grader over normalen for heile landet.
Dei gjennomsnittlege kraftprisane for første kvartal i år:
* Søraust-Noreg (NO1): 74 øre/kWh
* Sørvest-Noreg (NO2): 78 øre/kWh
* Midt-Noreg (NO3): 27 øre/kWh
* Nord-Noreg (NO4): 8 øre/kWh
* Vest-Noreg (NO5): 64 øre/kWh
(NPK)