Reinsa tunnelvatn inneheld skadelege miljøgifter
Ein ny studie frå Nord universitet syner at vaskevatn frå norske vegtunnelar inneheld miljøgifter som kan skade fisk – sjølv etter reinsing.
Noreg har over 1.000 vegtunnelar med ei samla lengde på over 800 kilometer. Dei fleste av desse manglar reinseanlegg for vaskevatnet etter at tunnelane er reingjorde med høgtrykk og såpe. Dette vaskevatnet inneheld ei kompleks blanding av miljøgifter – mellom anna tungmetall, mikroplast og kjemikaliar frå bildekk og bremser – som ofte blir sleppt rett ut i naturen.
Den nye studien frå Nord universitet, publisert i Toxicology Reports, har undersøkt kor effektivt reinseanlegget i Bodøtunnelen er til å fjerne slike miljøgifter, og kva effekt både reinsa og ureinsa vaskevatn har på sebrafisklarvar – ein modellorganisme som ofte nyttast i miljøtoksikologisk forsking.
Studien syner at reinseprosessen i Bodøtunnelen reduserer konsentrasjonen av fleire miljøgifter vesentleg. Mellom anna vart nivået av det svært giftige stoffet 6PPD-quinone – eit nedbrytingsprodukt frå bildekk – redusert heile 1.800 gonger etter reinsing. Likevel synte eksperiment med sebrafisklarvar at også det reinsa vatnet kunne forstyrre utviklinga, endre åtferda og gje gentoksisk effekt.
– Det var litt overraskande å sjå at sjølv det reinsa vaskevatnet kunne påverke utviklinga og symjeåtferda til sebrafisklarvar, seier masterstudent Chinmayi Ramaghatta i ei pressemelding.
(NPK)