Løva (Ella Apeland Ørnes) til Kasper, Jesper og Jonathan får ein kos av Jesper (Lilly Vestbø) som har blitt sirkusdirektør.
Politimester Bastian (Leah Næss) syng til innbyggjarane i Kardemomme by.
Tante Sofie (Una Espeland Grønstad) lar seg ikkje «pille på nesen» og gir Kasper, Jesper og Jonathan ei skikkeleg lekse når ho blir røva til å vera hushjelp. Det var ikkje heilt etter planen for røvarane.
Her lister dei seg stilt på tå, når dei skal ut å røva.
Her blir Kasper (Johanne Berge), Jesper (Lilly Vestbø) og Jonathan (Peder Thorsen) fanga etter at dei har røva hos bakaren. Bakar: Alma Håheim. Pølsemaker: Othelia Rørheim. Kjøpmann Berg: Johanna Sørvik Steinnes.
Tante Sofie (Una Espeland Grønstad) kan få kven som helst til å stå i stram giv akt, for ho er den strengaste og sintaste personen i heile Kardemomme by.
Kaptein Sorte Bill (Inger Marie Dale), og sjørøvarane syng «Hei faderi og faderullandei»
Politimester Bastian prøver å blidgjera tante Sofie, for å få henne til å syngja på festen i byen.
Fru Politimester Bastian (Riana Desiree Sattler) er ei snill dame som til og med fekk dei tre røvarane til å vaska seg.
Ein «ekte» dromedar, som også kan syngja, er ikkje rett så lite å kunna skilta med i bybiletet i Kardemomme by.
Ein snakkande og syngande papegøye (Mathea Holten Leifsen) - heilt frå Amerika - er også noko dei har i Kardemomme by.
Vesle Kamomilla (Tiril Berge-Opheim) spelar piano og kameraten Tommy (Elina Kambe Johansson) inviterer henne med på by-festen. Kamomilla får ikkje lov av tante Sofie.
Silius med stråhatt (Anna Løhaugen) fortvilar over eselet som har lagt seg ned på trikkeskinnene.
Det er ikkje så greitt når eselet i byn (Rasmus Oskar Strandnes) legg seg ned - rett på trikkeskinnene - og nektar å flytta seg. Då må det lure triks til.
Tobias (Andrine Endresen) i tårnet hadde 75-årsdag, og blei feira med fest i byen. Han stod også oppe i tårnet og song ei vise om vêret.
Politimester Bastian (Leah Ness) gjorde fabelaktig figur i stykket.
Politimester Bastian prøver å blidgjera tante Sofie, for å få henne til å syngja på festen i byen.

Rein teaterglede med Kardemomme by

Sandeid barne- og ungdomsteater drog publikum rett inn i Kardemomme by-universet då dei hadde premiere laurdag. Med sterke prestasjonar, kreative kulissar og ein sal full av forventningsfulle publikummarar, blei framsyninga ei fargerik kulturbombe.

Publisert Sist oppdatert

Sandeid barne- og ungdomsteater drog fullt hus laurdag, då dei opna dørene for publikum, og slapp dei inn i den fargerike, og alltid like fengande verdsbyen Kardemomme by. Og for ein premiere det blei! Her var det latter, song, brøl, brann, røveri – og eit sal som klappa med krumspringa på scenen.

Den velkjende historia om Kasper, Jesper og Jonathan er slett ikkje ny for publikum, men Sandeid-gjengen klarte å gi forteljinga både nytt liv og ny gnist. Med heile 28 barn på scenen, frå både Ølensvåg, Ølen, Bjoa, Imsland, Vikedal og Sandeid, blei det liv og leven frå første replikk. Aldersspennet var imponerande: frå dei yngste som knapt har rokke å læra multiplikasjonstabellen, til ein vaksen på 67 år som kasta seg inn i rolla som Kaptein Sorte Bill. Og publikum koste seg.

Stortalent i uniform og røvarbukser

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS