20. desember 2022 vart det innført ein mellombels stopp i moglegheita til å søkje om løyve til oppdrett på land for laks, aure og regnbogeaure. Nytt regelverk gjer at ein no opphevar den stoppen. Her ser vi laksemerdar på land på i Trøndelag. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
20. desember 2022 vart det innført ein mellombels stopp i moglegheita til å søkje om løyve til oppdrett på land for laks, aure og regnbogeaure. Nytt regelverk gjer at ein no opphevar den stoppen. Her ser vi laksemerdar på land på i Trøndelag.

Regjeringa opnar igjen for fiskeoppdrett på land

20. desember 2022 vart det innført ein mellombels stopp i moglegheita til å søkje om løyve til akvakultur på land for laks, aure og regnbogeaure. Nytt regelverk gjer at ein no opphevar den stoppen.

Publisert Sist oppdatert

Nærings- og fiskeridepartementet har tysdag fastsett endring av laksetildelingsforskrifta og akvabiosikkerheitsforskrifta. Endringane inneber ei presisering av vilkår for plassering av anlegg, slik at grensa mellom kva som blir rekna for å vere på land og i sjø blir tydelegare. Det blir òg innført krav om desinfeksjon av inntaksvatn for anlegg på land for å avgrense risiko for spreiing av smittestoff via vatn.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss meiner at eit tydelegare skilje mellom fiskeoppdrett på land og i sjø vil gi meir føreseielege rammevilkår for næring og forvaltning.

– Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig utvikling av fiskeoppdrett på land, seier ministeren i ei pressemelding.

Tydelege krav i forskrifter om etablering og drift av anlegg på land vil også effektivisere tildelingsprosessen og redusere sjansane for forskjellsbehandling av aktørar, meiner departementet.

– Krav om reinsing av inntaksvatn er nødvendig for å redusere risiko for spreiing av smittestoff til sjøanlegga, og for å sørgje for god biotryggleik i anlegga på land. Dette vil vere gunstig både for eksisterande aktørar i sjø i nær geografisk tilknyting til det aktuelle landanlegget, og dessutan det marine miljøet, seier Næss.

Forslaget til nytt regelverk har vore på høyring og departementet fekk nærare 50 innspel.

(NPK)

Powered by Labrador CMS